BieprodukterTopp
Adresse Bieprodukter
Pb. 9099 Vegsund
6023 Ålesund
Telefon 95 11 59 82
Send oss E-post

Velkommen til Bieprodukter

Bieprodukter er ei lita familieverksemd i Ålesund. Vi driv i hovudsak med honning produksjon. Dronningavl og salg av avleggarar til andre birøktarar er ei lita sidenisje av forretningsideen. Dessutan driv vi eit prosjekt med bipollinering av frukt og bær saman med bønder på indre Sunnmøre. Bigarden tel no 110 bikuber. Vinterbigarden er i Samfjorden i Haram kommune. Vår, sommar og haust vandrar vi med biene våre rundt omkring på Sunnmøre, frå dei indre fjordstrøk i Valldalen ut til kysten rundt Søvik og Brattvåg.

Røsslynghonningen vår er tilverka og hausta frå bikuber i lyngheiene ute ved kysten i Haram kommune. Rein og frisk luft, lite forurensing og vår fantastiske kystflora, gir oss ein smakskraftig honningvariant med eit høgt mineralinnhald. Honning er eit resultat av eit økologisk samspel mellom blomar og bier. Plantene sikrar reproduksjonen sin gjennom biene sitt arbeid med bestøving, og biene hentar nektar og pollen som dei livnærar seg på og lagar honning av.

Vi haustar sommarhonning også, denne er hausta frå bikuber inne i fjordbygdene på indre Sunnmøre, hovudsakleg i frukt og bærbygda Valldal.

Vi leverer hovuddelen av honningproduksjonen vår til Honningcentralen i Oslo.

Ein smakebit kan vi likevel tilby.........
Telefon 95115982

Lyng
Utviklet av ViaStep AS